Ferdig med spisebordet.

Då var eg ferdig å mala spisebordet - veldig nøgd!

Har bestilt ein plakat så skal opp på veggen.

 

Nydelig vêr ute. Håpar du nyt sola!

 

 

 

 

 

 

 

#interiør#diy#kjøkken#stue

Du har råd til...garasje




(Bildet lånt for illustrasjon)



Eg sit og surfar litt på Finn.no, klikkar meg på inn på eiendoms-kategorien og dei første leilighetane så kjem opp er i Oslo-område. 
Eg trykker tilfeldig inn på ei annonse - ser ikkje på prisantydning og blar meg igjennom bildegalleriet. 
Leiligheta er sjarmerande og interiøret er av min smak. 
Eg blar meg nedover i annonsa og begynner å lesa teksten: 
"Leilighet med nyoppussa bad og kjøkken. 
Når du kjem inn i gongen har du ein fin plass til å henge i fra deg ytterkleda før du går vidare inn til samlingspunktet i stua. Her har du plass til både sofa og bord der du kan samla gjengen enten til kvardag eller fest. I tillegg har du eit separert rom som du kan bruke til walkincloset. På kjøkkenet har du ein stige som får deg opp på hemsen. Her er da soveplass til to. Størrelsen på leiligheta er liten og prisantydninga er høg." 


Eg blir nysgjerrige og bestemmer meg for å prøve "spesifisert søk" på finn.no der eg legg inn Oslo som område og endrar til "min" prisklasse. 
Det tar ikkje lang tid før eg finn ut at det finaste eg har råd til å kjøpa i Oslo er ein oppvarma garasjeplass med ein elektrisk portopnar!

Blir da snart heilt umulig å få kjøpt seg bolig?
Kva tiltak må til for å stoppe denne utviklinga?


- Bekymra storesøster så er redd for at vetlebror må flytta inn på gjesterommet -












 

#Inspirasjon



 

Tusen takk!



Innom å svare på kommentarar. Eg setter pris på kvar og ein - veldig kjekt!

Kva er dine planar for søndagen?

 

Green smoothie



1 neve spinat
1 kiwi
1 banan
1,5 dl vatn 

Hiv alt i ein blender. Bon appetit! 

DIY: Ny trapp







Tenk at litt maling kan gjera så stor forskjell! 

Eg skal og endra fargen på veggen, men det blir nok eit prosjekt eg må ta etter eg ferdig med soverommet. 
Har sjølvsagt lyst å få gjort alt ferdig på ein gong - men tida strekk ikkje til. 
Det kjem vertfall litt fleire bilder av trappa når den er ferdig.


Håpar du har ei fin helg!



#Interiør#Oppussing#DIY#Gang



 

Rota til mykje godt!


 

Ingefær
- kan hjelpe på forbrenninga. 
kan gje deg betre fordøying og visstnok minke luftplagar som oppblåst mage.
- er proppfull av antioksidantar og kan dempe betennelse. Supert å tilsette i teen dersom du begynner å bli sjuk. 
kan hindra høgt blofdtrykk, slag og hjartesjukdommar.

Denne rota skal få fast plass i mitt kjøleskap. Litt meir tvilsomt om eg klare å få i meg litt av den kvar dag - men vil prøva å ha den i både smoothie og te. 



 

Slik kan du tjene pengar på bloggen din!



Det er veldig enkelt å komme i gang for å tjene pengar som affiliate:                                                                                                           Sponsing
1. Opprett ein gratis konto hos Adtraction. (18års grense)  
2. Velg annonsørar som passar til din blogg eller heimasida.  
3. Få godt betalt når du hjelp annonsørane å selga.


Du tjener pengar ved å skaffe besøkande via lenker og annonsar som du finn på Adtraction-kontoen din. Når besøkande handlar hos annonsørane får du provisjon på det salget. Annonsørane betalar ikkje for sjølve annonseringa, men bare for salga så går via lenkene dine.

Her kan du registrere deg. Lykke til!

Today



I dag var ein slik dag der eg fekk gjort mykje før jobb.
Kaffi med ei venninne, maling av trapp og litt innkjøp av nytt interiør. 


I morgon har eg faktisk fri - kan ikkje huske sist eg hadde fri ein kvardag. 
No sit eg å skrive ned masse ting som eg må få gjort, blant anna handla inn til helga og kjøre mykje boss på SIM. 
Ny fryseboks skulle eg og hatt. 

Det er veldig kjekt å sjå at eg fekk så stor respons på dette innlegg
    
          - Nr 73 - 

Healthy inspiration

Grove rundstykker



GmnWenche sine grove rundstykker:

ca 500g kveitemjøl (ca 1l)
500g grov sammalt kveite (ca 1l)
100g havregryn (ca 2dl)
100g solsikkekjerner (2dl)
1pk tørrgjær/ 50g fersk gjær
2ts salt
2ss olivenolje
ca 7dl lunkent vatn
1ss flytende honning

Bland alle ingrediensane og elt saman til ein glatt deig.
Dekk til og la da heva i ca 45min.
Elt og form til rundstykker/horn.
Dekk til og la da heva i ca 45min.
Pensla med litt vann og dryss over litt grovt mjøl eller solsikkekjerner før du steiker dei på 230 grader midterste rille i 12-15min.
Avkjøl og nyt!


Supert å ha på lur i frysen. 
 

Slik var det hos meg



Her er ei lita oversikt over interiøret mitt dei tre siste åra.
Tenk at dette er bilete i frå to forskjellige leilighetar - det er ikkje store forandringa! 

Når eg flytta inn i enda ein ny bolig før jul så var planen min at mykje av oppussinga skulle vera ferdig til påske. 
Heldigvis har det blitt mykje ekstra vakter på jobb og då har det naturligvis ikkje blitt så mykje tid til oppussing. 
Det betyr at eg enda har nokre månadar til med oppussing prosjekt. Det gledes! 


#Interiør#Stue

Sandmehl

Nydelig klokke i frå Sandmehl!

Tenk at det fins bare 200 stk. Litt kjekt å tenke på at det er ei klokke som ikkje "alle" ander har og at det er norsk design!

Håpe du får ei fantastisk fin veka!

"Skal du ikkje få deg ei utdanning?








Syns du synd på meg så stå der i kassa dag etter dag og sender varene dine igjennom?
Tenke du at eg heller burde få meg ei utdanning? 

Syns du eg er ubrukelig viss eg seier at eg har tatt eit val om å sitta i kassa resten av livet? 
Eller tenker du at eg er lat?


Tru da eller ei, eg står i kassa fordi det er eit val eg har tatt. Eg likar jobben min. 

God utdanning, god lønn og god jobb tilsvarar ikkje alltid lykke. 
Dersom alle hadde tatt høgare utdanning og fagbrev hadde samfunnet stoppa opp.
Vær stolt av jobben din! Vi er like viktige - uansett yrke! 

"Pass på å få deg ei utdanning sånn at du ikkje ender opp i kassa på rema 1000"

Alle har vel høyrt den setningen ein gong i livet.
Men det å jobba i butikk er så mykje meir enn å bare sende varer igjennom kassa. 

Det som eg likar med butikkyrket er å sjå eit lite barn som kjøpe smågodt for første gong og 
at du som kunde setter pris på at eg pakkar varene dine i posar og hjelper deg ut i bilen. 
Eg blir glad når eg får hjelpa dei eldre med å finne fram til ei vare dei ikkje klare å finne fram til på eiga hand.

Vær stolt av jobben din så gjer jobben din deg stolt!

Eg er takknemlig for at eg får vera del av eit team og jobba i lag med så fine medarbeidarar. 
Eg gler meg til å gå på jobb - kvar dag! Eg trur ikkje alle er så heldige. 

Tenk at for nokon kundar er mitt smil i kassa kanskje da einaste smilet dei får den dagen!





 

#

Heimalaga lasagne



Lasagne


Ingrediensar
400g kjøttdeig
1 løk
200g frisk champignon
1 boks hakkede tomatar
1 pose oregano
1 kvitløk
1 l lettmelk
1 pakke revet ost
1 pk lasagneplater

Frå eiga kjøkken
Salt og pepper
Muskat (kan sløyfes)
3 ss kveitemjøl
2 ss smør
1 buljongterning, kylling
Olje til steiking



Kjøttsaus
Steik kjøttdeigen, finhakk løk, 2 fedd finhakket kvitløk og hakket champignon i olja.
Rør inn 2 ss tomatpure og smak til med salt, pepper og oregano.
Hell over boksen med hakkede tomater med en knust buljongterning.

Hvit saus
Smelt 2 ss smør i ein kjele, trekk den av plata og rør i 3 ss kveitemjøl.
Spe med ca.4 dl. melk, litt melk av gangen og kok opp under omrøring mellom hver gang.
Smak til med salt, pepper og revet muskatnøtt (kan sløyfes).
Kok sausen i 10 minutter. Ha i halvparten av osten og rør om

Legg kjøttsaus, lasagneplater og ostesaus lagvis, i den rekkefølgen, i en ildfast form til den er nesten full.
Strø resten av osten på toppen.
Stek lasagnen som beskrevet på pakken med lasagneplater.

Servers med frisk salat og kvitløksbaguettar .


Bon Appetit!

Palmer

Interiør

Topplista er ikkje viktig, men eg er allikavel litt stolt!


 
Kjekt å sjå at tidlegare innlegg fekk meg opp på topplista! 
Det gir meg motivasjon til å forsette med blogg.

Tusen takk til alle som tar turen innom bloggen!
Eg set stor pris på dåke alle. 



Håpar din Valentines Day har vore fin! <3

- Nr 73 -


 

Ei natt på kontoret

Eg finn stadig ut nye løysingar om korleis eg vil det her heima.

Så no har eg flytta sengo inn på det rommet som eg tenkte skulle vera kontor. Rommet er veldig lite så det er ikkje plass til garderobe eller nattbord, men det går som ei midlertidig løysing.

Det blir mykje jobb denne veka, men eg skal prøve å finne tid til å kjøpe maling. Har endelig klart å bestemt meg for kva farge eg skal ha. Trur eg!

 

- Nr 73 -

#Oppussing #Bolig #Interiør #Soverom 

Singel? Slik blir din Valentines Day perfekt!



1. Du kan gje blaffen i heile Valentines dagen og leva som om det er ein heilt normal dag.

2. Ta deg ein tur til frisøren, få deg nye vipper eller kjøp deg eit nytt antrekk. 

3. Inviter venner med ut på middag. 

3. Ta deg ein tur på besøk eller ring til dei som det er lenge sida du har snakka med. 

4. Finn fram kosedressen, sleng deg ned i sofaen og sett på favoritt serien din. 

5. Prøv ut ei ny oppskrift.

6. Bli ferdig med alle tinga som står på to do-lista di.

7. Ikkje logg deg inn på sosiale medier. Da unngår du mykje kliss-klass. 

8. Bestill blomar til deg sjølv og skriv på kortet: "Frå ein hemmeleg beundrar" 



     - Nr 73 - 

Er du den rette?

Er/har du ein kjekk bror, onkel, venn, svigerfar eller ein eks-kjærast som er singel?

Les vidare!

Eg søker ein mann med glimt i auga, eit smil på lur og eit naust. Supert viss eg kan få bilde av naustet.

Viss du kan steika ein grandiosa og holda bilen min rein blir eg veldig fornøyd!

Bill.mrk: ''har hus og jobb''

I made it!




Eit av måla mine i februar er ein liten skogstur. Håpar eg finn tid inni mellom all jobbinga. 
Frisk luft og skog er som terapi, det gjer så godt både fysisk og psykisk.
Håpar eg kan skrive "I made IT!" allerede på mandag. Det hadde vore ein digg start på veka! 

        - Nr. 73 -



#Trening #Sunt #Inspirasjon

Pannekaker til frokost

Bananpannekaker er ein ny favoritt. Sunt, godt og super enkelt å laga!

No skal eg i gong med å male nokre lister. Er snart ferdig med stue og kjøkken. Skal bli godt å sjå litt resultater.

Håpar at sola skin hos deg og!

- Nr. 73 -

#bananpannekaker#sunt#trening#oppskrift

På ønskelista

Min favoritt



 I helga må eg ta eit fargevalg. Eg er fortsatt veldig usikker på om eg skal gå for kvite eller mørke vegger på soverommet
Eg likar veldig godt den kvite stilen, men kanskje det er på tide å prøve noko nytt? 




 
                        
                                    - Nr.73 -





:#BilderfraWeHeartIt.  #Hus #Interiør #Oppusing #Soverom #Leilighet #Hverdag 

Første steg for å bli ein toppbloggar




No når eg har starta ein blogg så må da vel vera på sin plass med eit eige heimekontor.
I helga blei eg ferdig med å mala vegg og lister. Trur eg vil bytta til grått golv, men da får bli ein anna dag. 




Alt av interiør hadde eg i frå før så no manglar bare eit par kaktusar og nokre tulipanar så blir da bra! 


Neste bolig-prosjekt er soverom. 

     
                  - Nr. 73 - 





.#Bolig #oppussing #Soverom #Hjemmekontor #DIY #Interiør
 

 

 

 



 

Velkommen til nr.73

                                      

Nytt år. Ny leilighet. Nye mål. Ny jobb.
Nye draumar. Ny blogg. Nytt kapittel. Ny meg. 
2017 mitt år.

 





To do-list Januar
  - Heimekontor                


 
                                                           
                                                           
                                                    
      - Klem i fleng frå Nr.73 -










.
#diy #oppussing #heimekontor #leilighet #stue 

Les mer i arkivet » Mars 2017 » Februar 2017 » Januar 2017
hits